Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Evenes: Førebuande arbeid i tomta for MPA-hangaren har starta

Forsvarsbygg har signert kontrakten for førebuande arbeid i tomta til dei nye maritime overvakingsflya, P8-A, med Bertelsen & Garpestad AS frå Egersund.

Utviklinga av flystasjonen held fram

- Signering av kontrakten med Egersund-firmaet Bertelsen & Garpestad AS er ein milepæl i fortsetjinga av utviklinga av nye Evenes flystasjon. Fremdrifta på å bygge opp baseforsvaret og QRA for F35 flya er i rute, og no kjem vi òg i gang med oppdraget for dei militære overvakingsflya, seier Syvertsen.

Viktig kontrakt for oss
- Vi ser fram til å jobbe med anleggsarbeida på Evenes. Dette er den første kontrakten vår som hovudentreprenør for Forsvarsbygg. Vi gir honnør til Forsvarsbygg for at dei tilbyr komplette riggfasilitetar inne på flystasjonen. Dette har mykje å seia for konkurranseevna på eit slikt oppdrag. Vi ser fram til eit godt og konstruktivt samarbeid vidare, og eit godt samarbeid med andre entreprenørar på prosjektet, seier dagleg leiar Øyvind Langemyr i Bertelsen & Garpestad AS.

Fakta om kontrakten:

Oppdragsgivar: Forsvarsbygg
Entreprenør: Bertelsen & Garpestad AS frå Egersund
Kontraktssum:  65,7 millionar kroner, inkl MVA

Entreprisen vil i hovudsak omfatta:

  • Rensking av vegetasjon og toppdekke
  • Flytting av løsmasser
  • Etablering av deponi for løsmasser, og tiltransport av dårlege massar
  • Etablering av fordrøyningsbasseng
  • Uttak av fjell
  • Utlegging, arrondering og komprimering av sprengsteinsfylling for bygg og taxeveier
  • Grøftearbeider
  • Etablering av taxevei frå rullebane


Bildetekst:

Signering av kontrakt: Fv. Utbyggingssjef John Ommund Syvertsen i Forsvarsbygg og dagleg leiar Øyvind Langemyr i Bertelsen & Garpestad AS. Foto: Forsvarsbygg.

 

Kontaktperson i Forsvarsbygg:
John Ommund Syvertsen, utbyggingssjef nye Evenes flystasjon.
johnommund.syvertsen@forsvarsbygg.no

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.