Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Evenes – stor kontrakt til Harstad Maskin

Oppbygginga av den nye flystasjonen til Forsvaret på Evenes går over i ein ny fase. Harstad Maskin har underskrive ein anleggskontrakt på infrastruktur i storleik på vel 184 millionar kroner inkl. mva.

Entreprenøren fekk den første kontrakten i samband med klargjøring av infrastruktur for byggherreområdet inne på stasjonsområdet i 2017, og no går dei i gang med eit omfattende infrastrukturprosjekt.

Infrastruktur avgjerande

- Det er viktig at infrastrukturen kjem i gang tidleg slik at forsyning er på plass når dei øvrige utbyggingsprosjekta startar opp på basen. Dette er eit komplekst arbeid med både fornyelse og nye kapasitetar, og dei skal jobba i grensesnittet mot ei rekkje andre aktørar som kjem til i løpet av kort tid, fortel utbyggingssjef John Ommund Syvertsen.

- Oppdraget vårt på Evenes er å sørgja for tilpassa eigedom, infrastruktur, bygg og anlegg for Forsvaret. Vi skal byggja forsvarsevne i tråd med dei behov som vert kravt, slik at nye Evenes flystasjon er klår i tide for flyoperasjoner, fortel Syvertsen.

Lokal entreprenør leverer

- Denne kontrakten med Forsvarsbygg tyder mykje for Harstad Maskin. Firmaet vårt har jobba med større infrastrukturprosjekt tidlegare i regionen som Kveøyforbindelsen, Harstadpakken og fjernvarmeutbygging. Vi er godt nøgt med at vi er konkurransedyktig på pris og kvalitet, og får denne entreprisen i oppstarten av nye Evenes flystajson, fortel Nils Kristian Johansen, dagleg leiar i Harstad Maskin AS.

Oppstarten av arbeidet startar umiddelbart.

Bilettekster:

  1. Finn Håkon Jørstad, styreleder Harstad Maskin AS og John Ommund Syvertsen, utbyggingssjef Evenes i Forsvarsbygg.
  2. Kontrakten signerast. Fv Olaf Dobloug, prosjektdirektør Kampflybase og Nils Kristian Johansen, daglig leder i Harstad Maskin AS.
  3. Fv: Finn Håkon Jørstad, John Ommund Syvertsen, Olaf Dobloug, Nils Kristian Johansen, Ann-Kristin Føre, Asbjørn Kleivan og Roger Moe.

FAKTUM INFRASTRUKTUR

Anleggsperioden varer frå første halvår i 2019, og skal vera ferdigstilt til flya kjem på Evenes i 2022.

  • Fleire kilometer med VA og trekkjarøyr
  • Fleire kilometer med hovedledninger til både fjernvarme og fjernkjøling
  • Fleire kilometer med vegar innanfor anleggsområdet
  • Handtering av eventuelle forureina massar

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.