Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Stor interesse for kampflybase-oppdrag

Dei to første av tre leverandørtreff vert heldt i Kristiansund og Ørland i går. Frammøtet var godt. Det tyder på stor interesse for å ta del i dei komande tilbodskonkurransane, trur Jens Levi Moldstad, plan- og prosjekteringssjef i Forsvarsbygg kampflybase.

Første anbodskonkurranse ligg allereie ute på Doffin (database for kunngjering av offentlege innkjøp), og gjeld rehabilitering av to befalskasernar. Fleire tilbodskonkurransar  skal ut på anbod i løpet av året. Både Forsvarsbygg og entreprenørbransjen har med andre ord mykje arbeid framfor seg. I alt famnar arbeidet 40.000 kvadratmeter nybygg og 25.000 kvadratmeter bygningsmasse som skal byggast om.

Under leverandørtreffa, som vart skipa i samarbeid med lokale næringsorganisasjonar, vart nye skisser for kampflybasen synt fram. Størst interesse var det nok for den delen av orienteringa som gjeld sjølve tilbodskonkurransane og prekvalifisering av entreprenørverksemdene.  Etter orienteringane, var det mange frå bransjen som nytta høvet til å kome med konkrete spørsmål til plan- og prosjekteringssjef Jens Levi Moldstad og Olaf Dobloug. På torsdag vert eit nytt leverandørtreff heldt i Trondheim – eit arrangement der om lag hundre personar frå bygg- og anleggsbransjen har meldt seg på. Verd å merke seg er at også representantar frå skatteetaten og fagorganisasjonar deltek på leverandørtreffa, noko Forsvarsbygg sett stor pris på.

- Vi har fokus på å ha ryddige tilhøve, og eit nært samarbeid med aktørar frå skatteetaten, Arbeidstilsynet og LO er med på å trygge at det vi gjer skal vere i tråd med gjeldande lovar og regelverk, seier Jens Levi Moldstad.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.