Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ny direktør for Forsvarsbygg utvikling

Erik Øimoen er ansatt som ny direktør for Forsvarsbygg utvikling som er Forsvarsbyggs byggherrefunksjon.

Erik Øimoen blir ny direktør for Forsvarsbygg utvikling - byggherrefunksjonen til Forsvarsbygg.

Erik Øimoen er 56 år gammal og kjem frå jobben som eigedomsdirektør i Boligbygg KF.

Øimoen er utdanna data- og elektronikkingeniør og har omfattande ledererfaring frå data- og telebransjen, blant anna med14 år frå Telenor. Før han kom til Oslo kommune i 2008, var han administrerande direktør i Moss næringsutvikling. I Oslo kommune har han hatt fleire krevjande lederjobbar, blant anna som direktør/byggherre for Holmenkollen nasjonalanlegg til VM 2011, og seinare som utbyggingsdirektør for hovudsykkelnettet og prosjektdirektør for utredninga av OL 2022.

– Erik Øimoen har solid kompetanse og erfaring frå bygge- og eigedomssektoren og har også betydeleg erfaring frå styrearbeid. Eg gleder meg til å arbeide tilsamans med ham i vidareutviklinga av Forsvarsbygg utvikling og som deltakar i Forsvarsbyggs ledergruppe, seier administrerande direktør Frode Sjursen i Forsvarsbygg.

Erik Øimoen startar i jobben 1. juni i år.

Foto: Terje Heiestad/Millimeterpress

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.