Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

"Lysprisen 2014" til Forsvarsbygg og lysdesignar Erik Selmer

I desember i fjor vart den nye lyssetjinga av Akershus festning tent av Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide. Torsdag den 20. november vart prosjektet hylla og tildelt "Lysprisen 2014" under årets største hending innanfor lysfaget.

Norsk Lyspris er etablert av det lysfaglege kompetansenettverket "Lyskultur", og blir delt ut kvart år.

Føremålet med Norsk Lyspris skal vere å setje fokus på og synleggjere innovative og gode lysprosjekt i Noreg. Dette skjer ved å framheve spanande, veldesigna og velutførte prosjekt.

På prisseremonien deltok prosjektleiar Sten Stensen på vegne av Forsvarsbygg. Stensen og lysdesignar Erik Selmer mottok kvar sin statuett og gode ord. Ein tydeleg stolt prosjektleiar fortel:

- Det er veldig moro å motta denne i ein fullsett sal og det er ei tydeleg verdsetjing av den jobben Forsvarsbygg har gjort. Dette skal vi vere stolte av, om det er lov å seie i all beskjedenheit; dette var ein riktig og velfortjent pris.

- Dette kjem frå godt teamarbeid også internt hjå oss, ikkje minst at vi sit med mykje kompetanse i Forsvarsbygg og Forsvarsbygg nasjonale festningsverk (NFV), held Stensen fram. NFV har bidrege med antikvarisk spisskompetanse og rådgjeving i heile prosessen.

Og juryen er tydelegvis samd. Frå den offisielle grunngjevinga deira hentar vi:

Lysdesignet gjev dette kulturminnet ein verdig og stolt presentasjon, som eit landemerke spesiell i regional og nasjonal samanheng skal ha. Lyset framhevar det store ved festninga, og festninga sin mystikk. Nye lag trer fram etter at det blir mørkt, og gjer Oslo sin nattidentitet rikare. Festninga si lange utstrekning og samansette bygningskropp blir knytt saman i det overordna nattbiletet. Lyset modulerer bygga sin verdi og blir på denne måten ein viktig historieforteljar som forklarer hierarkiet mellom dei ulike delane av festninga. Fjellveggen og murane nedst gjer at heile anlegget blir opplevd som «jorda». Den tynne mørke linja mellom fjorden og murane understrekar opplevinga av spegling og møtet mellom hav og land. Slottet har høg intensitet i lyset. Her er einskildelement og bygningsform omfattande modellert. Tårna som landemerke skin sterkast. Hierarki viser status og identitet.

Prismottakarar

Norsk Lyspris kan tildelast innandørs eller utandørs lysanlegg, som på utsøkt vis kombinerer lysdesign, innovasjon, teknologi, kvalitet, energi, estetikk/arkitektur, fargeopplevingar m.v. Eit av føremåla med prisen er å få framheva anlegg, som via kvalitet eller nytenking kan tene som inspirasjon for andre byggherrar og prosjekterande.

Dagslys om natta
Den nye lyssetjinga, som er utarbeidd av lysdesignaren Erik Selmer, gjev eit naturleg lys. I motsetnad til eit gult flaumlys ein ofte ser, har målet til Forsvarsbygg og Erik Selmer vore å bruke eit naturleg lys for å vise festninga slik ho faktisk er, i all si prakt og karakteristiske arktitektur.

– Vi trur at både Forsvaret og folk flest set pris på resultatet, noko denne prisen er eit uttrykk for, held Stensen fram.

Magisk stemning
Stensen forklarer:

- Lyssetjinga er nøye planlagt og kunstnerisk designa slik at folk skal sjå fasadane så likt som mogleg slik festninga framstår i dagslys, sjølv når det er bekmørkt. Lyssetjinga framhevar den karakteristiske arkitekturen til festninga, og ein ser tydeleg variantane i farge og utforming. Den einaste staden som skil seg litt frå dette i så måte er Blåtårnet på slottet der LED-lampene lagar eit heilt spesielt blåskin som skaper ei nærmast magisk steminng og er vakkert å sjå på.

Diskre plassering
184 lysmaster og 243 lysarmatur er sett opp og installert på eit område som spenner seg frå Kontraskjæret, langs Akershus strand, indre Festning og rundt Akershus Slott. Publikum skal i minst mogleg grad sjå kvar lyset kjem frå, plassering av armatur og master er difor medvite plassert og utforma for å "gli inn" i festningsmiljøet og for å vere mest mogleg diskré.

 

Foto:   Erik Selmer og Trond Enemo

Beliggenhet

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.