Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Kolsåstoppen er rydda

Eit ynda turterreng for lokalbefolkninga er no satt i stand og rydda for skrap og rot

Forsvarsbygg og Veidekke Dokken har rydda opp skrap og impregnert treverk på Kolsåstoppen. Området er no sett i stand og avfallet er borte.
Prosjektet gjekk ut på å frakte ut jarnskrap og nokre kreosotstolpar frå Kolsåstoppen. Dette var restar som låg igjen etter ein nedbrunne reléstasjon ved tidlegare Forsvarets tele- og datastasjon. Stasjonen brann i 1957, og mykje skrot og avfall vart deponert i skråningar i terrenget.

YNDA TURTERRENG ER RYDDA
Området er eit ynda turterreng som blir mykje brukt av lokalbefolkninga. Det ligg innanfor eit naturvernområde, slik at det ikkje er lov å skade eller øydeleggje tre eller flora. Det er tett skog og svært ulendt terreng i det området der avfallet låg.

Forsvaret, ved Forsvarets Logistikkorganisasjon (FLO), har gjennomført tiltaket etter pålegg frå Statens Naturoppsyn. FLO har finansiert tiltaket. Forsvaret kontakta Forsvarsbygg, som har stått for prosjektleiinga og utarbeidinga av entreprisen. Ein føresetnad for oppdraget var at Forsvarsbygg kunne rekvirere helikopterstøtte frå Forsvaret, noko som vart godkjent av Forsvarets Operative Hovudkvarter. Veidekke vann invitasjonen til mini-konkurransen for oppryddinga.

Arbeidet har mellom anna omfatta:
· Klargjering av mottaksplass for helikopter på NATO Kolsås og Nordre Kolsåstopp
· Kapping og fjerning av stolpar og boltar rundt Nordre Kolsåstopp
· Fjerning av jarnskrap, tønner og anna skrot
· Reparasjon av gjenverande betongfundament
· Lasting og mottak av avfall ved bruk av helikopter.
· Levering av avfall til mottaksanlegg

GJENNOMFØRINGA AV OPPRYDDINGA
Det vart rekvirert helikopter frå Forsvaret som skulle ta inn naudsynt utstyr for opprydding, kapping av stolpar og boltar samt mørtel for reparasjon av betongfundament. Det vart bore inn mykje utstyr til Nordre Kolsåstopp. Manuell opprydding starta måndag 20. oktober. En del av avfallet vart bore fram til slalåmbakken og frakta derfrå med bil til NATO Kolsås. Resten vart samla på Kolsåstoppen for henting med helikopter.

Måndag 27. oktober var vêret godt nok til at ein kunne frakte ut stolpar og jarnskrap med helikopter. Mannskapet vart fordelt mellom lager NATO Kolsås og på Kolsåstoppen. I alt vart det gjennomført 4 turar med helikopter og totalt vart det fjerna 840 kg med jarnskrap og 1020 kg med kreosotimpregnert treverk (sjå vedlegg 1). Istandsetjing av gamalt betongfundament vart utført til slutt og området har no fått ein oppdatert rasteplass for toppturen til Nordre Kolsåstopp.

SLUTTSYNFARING
Onsdag 5. november inviterte Forsvarsbygg Statens Naturoppsyn, Akershus Fylkeskommune og Veidekke for ei sluttsynfaring av området. Området vart friskmeldt for stolpar og jarnskrap. Prosjektet er gjennomført av seniorrådgjevarane Harald Bjørnstad og Torgeir Mørch i miljøavdelinga i Forsvarsbygg futura.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.