Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Prøveprosjekt med skyttelbuss på Snøheimvegen i 2012

Sommaren 2012 blir det gjennomført eit prøveprosjekt med skyttelbuss på Snøheimvegen. Dette inneber at vegen blir stengd for privatbilar.

Del av forskingsprosjekt 

Som ein del av forskingsprosjektet "Villrein, ferdsel og inngrep i Dovre-Rondane regionen" blir ei ordning med skyttelbuss på strekninga Hjerkinn–Snøheim prøvd ut i perioden 1. juli–7. oktober 2012. Dette blir gjort for å kunne måle verknadene av ei anna løysing for villrein, friluftsliv og samfunn. Snøheimvegen har tidlegare vore open for sivil trafikk, men prøveordninga inneber at Snøheimvegen ikkje vil vere open for privatbilar i år.

Bussen vil gå frå Hjerkinn inn til Snøheim fire gonger per dag. Dersom ikkje alle turistane får plass på bussen, blir det køyrt ekstraturar. Billettprisen blir kroner 50 kvar veg. Dette er naudsynt for å finansiere busstransporten.

Det blir organisert parkering for tilreisande på Hjerkinnhus ved Hjerkinn stasjon.

Skal gje politisk avgjerdsgrunnlag

Vi understrekar at dette berre er ei prøveordning i 2012 i samband med forskingsprosjektet. Rapporten frå prosjektet vil bli lagt fram for Miljøverndepartementet etter sesongen 2012. Det er etter dette forventa ei politisk avgjerd om kva som endeleg skal skje med Snøheimvegen. Den vil uansett bli liggjande som i dag til nærare 2020, når ryddearbeidet i Hjerkinn skytefelt skal avsluttast.

Forskingsprosjektet står ansvarleg for bussdrifta, og har engasjert Gauldal-Østerdal Buss til å gjennomføre oppdraget.

Nærare om forskingsprosjektet

Forskingsprosjektet "Villrein, ferdsel og inngrep i Dovre-Rondane regionen" har ei budsjettramme på om lag 14 millionar kroner over fire år. Norsk institutt for naturforsking (NINA) og Norsk senter for bygdeforskning er engasjerte som fagutgreiarar. Åtferda til villreinen blir kartlagt med GPS-sendarar, og det blir gjort kartleggingsstudiar av friluftsliv, turisme og annan næringsaktivitet i Snøhetta-området. Prosjektet er sett i gang og delfinansiert av Miljøverndepartementet.

"Villrein, ferdsel og inngrep i Dovre-Rondane regionen" blir leidd av eit styre der desse instansane er representerte:

Forsvarsbygg, Statkraft, Jernbaneverket, Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, Statens naturoppsyn, Snøhetta villreinutvalg, Villreinnemnda for Snøhetta og Knutshø, Dovrefjell nasjonalparkstyre, Dovre kommune, Oppdal bygdeallmenning, DNT Oslo og omegn, Dovre fjellstyre, Lesja fjellstyre, Sunndal fjellstyre, Oppland fylkeskommune og Statskog.

 

Beliggenhet

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.