Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

EMP-symposium

Nokre av Noregs fremste ekspertar på sikkerheit og elektromagnetiske truslar var i regi av Forsvarsbygg samla til konferanse den 18- 19. april, for både å dele og spre kunnskap.

Forsvarets EMP-konferanse har som formål å spre kunnskap om trussel og mottiltak mot både naturlege og menneskeskapte elektromagnetiske truslar.

- Gjennom ein slik konferanse ønsker vi å skape kontakt mellom fagpersonar på feltet og personar med ansvar for sikkerheit, seier Jostein Godø, arrangør av konferansen og senioringeniør i Forsvarsbygg.

EMP er ei forkorting for elektromagnetisk puls, og er eit fenomen som kan utgjere stor skade i eit samfunn som er så avhengig av elektronikk og teknologi, som det norske samfunnet er i dag.

- Eit eksempel på elektromagnetisk puls er sekundærstråling frå kjernefysiske sprengninger, men det kan også være spesielle typar våpen eller andre formar for stråling som kan øydelegge elektronikk, forklarer Godø.

Sikre elektronisk infrastruktur

Ein sentral del av programmet var ein gjennomgang av utviklinga av trusselbiletet og sikringstiltak mot elektromagnetiske våpen. Forsvarets forskningsinstitutt presenterte blant anna eit EU-prosjekt, som går på sårbarheit og tiltak for beskyttelse mot elektromagnetiske truslar for sivil infrastruktur.

- Det kan være lett å gløyme kor avhengig ulike system er av kvarandre. Telekommunikasjon er til dømes avhengig av straumforsyning for å kunne fungere, og ein er derfor nødt til å sjå på korleis ein kan sikre seg mot et angrep som vil kunne ramme denne eller andre viktige delar av den elektroniske infrastrukturen i Noreg, sier Godø.

Godø presiserar samtidig at det ikkje kun er elektromagnetiske truslar som kan utgjere fare for straumforsyninga.

- Vi fekk ganske grundig belyst i fjoråret at kraft og kommunikasjonssystem kan ha problem med vind og vær.  Dette er tema vi valde å ha med i symposiet, sjølv om det ikkje har med elektromagnetisk stråling å gjere.  EMP og elektromagnetisk våpen, eller andre former for sabotasje mot systema, er berre ein av mange trusler. 

- I løpet av ein slik konferanse får ein belyst ulike sider av fagfeltet, og får svar og kommentarar på kvarandres problemstillinger og innlegg.

I tillegg til deltakarar frå forsvarssektoren, var fleire direktorat og offentlege etatar representert, saman med sentrale private aktørar.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.