Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Bygde for 2,6 milliardar i 2018

Forsvarsbygg fullførte 19 byggeprosjekter for Forsvaret i 2018. Samla var investeringane på om lag 2,6 milliardar kroner. Det desidert største prosjektet er den nye basen for F-35 kampfly på Ørland med ein dagleg omsetning på ti millionar kroner.

–Vi har hatt høg aktivitet gjennom året, og sørga for gode leveransar til Forsvaret. Gjennom NATO-øvinga Trident Juncture har vi vist at vi er ein beredskapsorganisasjon, som også kan levere godt i krise og krig. I det kommande året skal vi rigge oss ytterlegare for å levere på ambisjonane om auka kampkraft og berekraft i forsvarssektoren, seier Thorbjørn Thoresen, direktør i Forsvarsbygg.

Her kan du lese meir om aktivitetane våre i 2018.

Dei store tala for 2018

Forsvarsbygg forvalta 13 012 bygg og anlegg over heile landet gjennom 1266 årsverk. Det vart investert for om lag 2,6 milliardar kroner. Vi hadde 365 aktive investeringsprosjekt i ulike fasar og 19 byggeprosjekt vart ferdigstilt. Med 4,1 millionar kvadratmeter forvalta bygningsmasse, og ein omsetning på 9,4 milliardar, er Forsvarsbygg den største offentlege eigedomsaktøren i landet.

Effektiviserte forvaltninga med 99 millionar kroner

Innen utgangen av 2020 skal vi effektivisere for ein kvart milliard kroner, for å frigjere midlar til høgere prioriterte oppgaver i forsvarssektoren. I år har vi gjennom ulike effektiviserings- og forbetringstiltak ytterligare redusert kostnadane våre med 99 millionar kroner.

302 millionar kroner ført attende til forsvarssektoren 

Forsvarsbygg avhenda totalt 39 946 kvadratmeter gjennom riving, rydding og sal i 2018 . Det vart selt forsvarseigedom for 680 millionar kroner. Salet av grunnarealet på Flesland i Bergen for 426,5 millionar kroner, er det største salet Forsvarsbygg nokosinne har gjort.

Sidan 2001 har vi avhenda over 2,9 millionar kvadratmeter eigedom som ikkje lenger er relevant å nytte for Forsvaret. Sal av eigedom har gjort at forsvarssektoren har fått attende rundt 5,1 milliardar kroner netto til høgare prioriterte oppgåver. I 2018 blei 302 millionar kroner ført attende til forsvarssektoren. 

4,1 millionar vitja festningane

4,1 millionar personer vitja ein av festningane til Forsvarsbygg i 2018 . Dette er ny rekord og ein auke på 300 000 frå 2017. 

Driftskostnadar

Dei totale driftskostnadane til Forsvarsbygg i 2018 var 8,9 milliardar kroner. Vare- og tenestekjøp utgjorde 70 prosent av dette.

Her kan du sjå nøkkeltala til Forsvarsbygg for 2018

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.