Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Framdriftstoget held byggeprosjektet i rute på Værnes

Dei japanske supertoga Shinkansen er kjende for å vere ekstremt punktlege. Framdriftstoget på byggeplassen til det nye forsyningsbygget til Forsvaret på Værnes er nesten like imponerande.

Det er ikkje berre Bane Nor og Vy som driv med tog. Ved Forsvarsbygg sin byggeplass for det nye forsyningsbygget til Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) på Værnes garnison nyttar dei toget dagleg. Framdriftstoget er ein leanbasert framdriftsplan der heile byggeprosessen er «taima og tilrettelagd» ned til minste detalj i ein taktplan.

Detaljplanlegging eit heilt år på førehand
Prinsippet i planen er at byggeriet flyttar seg som eit tog gjennom byggeplassen, der vognene flyttar seg frå sone til sone frå veke til veke. Kvart byggfag har kvar sin vogn, og det er aldri meir enn ei vogn i kvar sone. Toget består til dømes av ei malarvogn, ei elektrovogn, ei ventilasjonsvogn også vidare. Til slutt kjem «komplementeringssvogna» og ferdigstiller bygninga sone for sone. Kvar vogn har kvar sin namngjevne bas som har ansvaret for soneoverleveringa. Dette gjer prosjektet særs føreseieleg. Eit heilt år på førehand veit totalentreprenøren Betonmast kva som skal skje og kven som skal utføra arbeidet på dei enkelte dagane og klokkesletta.

Nesten ingen forseinkingar og ryddig byggeplass
«Stasjonsmeister» og prosjektleiar i Forsvarsbygg Trond Eriksen er imponert over kva Betonmast får til med framdriftsplanen sin.
– Det gir ein framifrå ruteplan dei har lagt opp til. Etter halvanna år med bygging har det nesten ikkje vore forseinkingar eller endringar i bygginga. I planen er det også lagt opp til ei strenge krav til å halda byggeplassen ryddig. Kvart fag ryddar opp etter seg i sone for sone. Dette gjev mindre sjanse for at det skjer uhell. Alt i alt gir framdriftstoget oss stålkontroll på prosjektet både når det gjeld HMS, framdrift, kvalitet og økonomi, seier Eriksen.

Hemmelegheita ligg i planlegging og oppstart
– Hemmelegheita ligg i korleis vi legger planane i prosjekteringsfasen. Vi har med oss erfarne planleggarar som deler bygget opp i soner og bereknar tidsforbruket for kvart fag i kvar sone. Vi må bli godt kjende med bygget i 3D-modellar og til dømes ha oversikt kor føringsvegane for kablane skal gå. I bygg som nyttast av Forsvaret er det ofte mykje datakablar som skal leggast, seier prosjekteringsleiar i Betonmast, Håvard Vatnehol.

Alle veit kva dei skal gjere når og kor
Når det nærmar seg byggestart samlast alle arbeidarane til ein felles innføring i kva som skal gjerast og når dei skal jobbe dei ulike stadane.
– Underentreprenørane våre er godt nøgde med å verte involvert så tidleg i prosessane. Og dei veit kva som gjeld når dei skal jobbe for oss, med omsyn til å følgje logistikken, vere punktlege og ryddige, seier Vatnehol.

– Fleire prosjekt bør hauste erfaringar frå dette
Sekssjonssjef i Forsvarsbygg John Ommund Syvertsen vitja byggjeplassen nyleg. Han vart særs nøgd med kva han fekk oppleve.
– Dette er eit særs kompakt og funksjonelt bygg. Det som imponerte meg mest var å sjå korleis framdrifta har vore frå oppstart og at det var så få menneske på same stadane. Gjennom tavlene på byggjeplassen, med ansvar og instruksjonar i beste «lean-ånd». Dette bør fleire prosjekt hjå oss hauste erfaringar frå, seier Syvertsen.

Mange brukarar og forventningar
Det er ikkje berre Forsvarets logistikkorganisasjon som skal nytta bygninga; også Heimevernet, Cyberforsvaret og Forsvarsbygg vert brukarar.
– Sjølv med mange brukarar og forventningar meiner eg metodikken her svært god fordi framdriftsplanen er så påliteleg og tydeleg for alle, seier Syvertsen.

– Opna auga mine
– Gjennom Betonmast fekk i alle fall eg opp auga for at det ikkje er talet på menneske i same rom som gjev mest effekt med omsyn til bygging av bygg. Når alle veit kva som skulle gjerast innan kvart fag per rom, så var det ingen kø, og det var minimalt med utstyr på plassen. Dette er ein veldig god logistikkordning, seier Syvertsen.

Flyt i byggeprosjekta våre
Vi i Forsvarsbygg har høgt på fokus på det vi kallar god flyt i byggeprosjekta våre for å forbetre prosjektprosessane i alle fasar. For oss handlar dette å nytta filosofi, metodikk og verktøy frå Lean Construction, VDC, digital samhandling og systematisk ferdigstilling.

Les fleire saker om prosjektet her:
Værnes garnison: Kontrakt signert for nytt forsyningsbygg
Flyt i fremdriften gir stålkontroll på byggeprosjektene

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.