Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Grunn og vatn

Vi jobbar kontinuerleg med å kartleggje og overvake nivået av forureining på eigedommane til forsvarssektoren rundt om i landet, og gjennomfører førebyggande og mildnande tiltak ved behov. Under kan du finne informasjon om dei ulike prosjekta og laste ned rapportane.

Forsvarsbygg har sidan tidleg på 1990-talet overvakt vasskvaliteten i skyte- og øvingsfelta (SØF) som blir forvalta av Forsvarsbygg. Hovudformåla med denne overvakinga er å følgje med på metallutsleppa frå skytebaner og skytebaneområde for å kunne dokumentere vasskvaliteten nært til desse, og kunne fange opp om det skjer nemneverdig auke i metallnivåa over tid. I tillegg skal metallutsleppa frå SØF ikkje ha nokon nemneverdig negativ påverknad på vasskvaliteten i hovudresipientane.

Dei fleste SØF blir tatt prøve av årleg. Dei som ikkje blir tatt prøve av like ofte, er stader der metallkonsentrasjonane er svært låge eller den militære bruken er liten. Under finn du gjeldande overvakingsprogram, og årsrapportar frå dei siste seks åras vassprøvetaking.

Vassprøvetakinga og parametrane det blir målt på, har variert gjennom åra. Frå og med 2009 blir det analysert på metalla som er knytt til Forsvaret sitt bruk av handvåpenammunisjon: bly, kobbar, sink og antimon. Ved korrosjon av ammunisjonsrestane kan metall frigivast og blir spreidd til vann eller jord. Vi måler derfor òg pH, leidningsevne, laust organisk karbon, jern, kalsium og turbiditet. Dette er støtteparametrar for å kunne seie noko om nedbrytinga og potensielle miljøeffektar av metallkonsentrasjonane som blir målt.

Overvakingsprogram

Forsvarsbygg har per i dag ikkje på plass formelle løyve til å utøve forureinande verksemd (etter forureiningslovas § 11) i SØF for alle felta. Vi har derfor utarbeidd eit felles overordna måle- og oppfølgingsprogram for desse. 

Overvakingsprogram for SØF frå og med 2019.

Overvakingsprogram for SØF i 2018.

For felta med forureiningsløyve, finst eigne måleprogram som viser oppfølginga av vilkåra for vatn.

Overvakings- og måleprogram for Setermoen SØF. Løyve til forureinande verksemd etter forureiningslovas § 11 blei gitt 18.04.2017.

Overvaknings- og måleprogram for Regionfelt Austlandet med Rødsmoen med Rena leir og flyplass. Løyve til forureinande verksemd etter forureiningslovas § 11 blei gitt 11.10.2011. Det vil bli søkt om endringar i denne.

Måleprogram for Leksdal SØF. Løyve til forureinande verksemd etter forureiningslovas § 11 blei gitt 12.05.2006. Etter dette har det vore søkt om og gitt lyve til nokre endringar. Det er søkt om nytt løyve i 2019.

Årsrapportar

Forsvarsbygg sine forvaltningsområde er fordelt på seks regionar. Under kvar region finn du enkeltrapportar frå kvart SØF frå og med 2017-prøvetakinga, og samlerapportar for felta i kvar region før dette.

Ønsker du å lese rapportar frå før 2013-prøvetakinga, tidligare kartleggingar eller oppsummeringar fra vassovervakinga, ta kontakt med servicesenteret vårt.

Region Hålogaland

I Region Hålogaland omfattar rapportane vassprøvetaking frå følgjande stader: Elvegårdsmoen SØF, Heggmoen skytefelt, Ramnes SØF, Reitan korthaldbane, Sørlia SØF og Trondenes skytebaneanlegg.

2018-prøvetakinga
2017-prøvetakinga
2016-2013

 

Region midt

I Region midt omfattar rapportane vassprøvetaking frå følgjande stader: Drevjamoen SØF, Frigård skytebaneanlegg, Giskås SØF, Haltdalen SØF, Leksdal SØF, Sankthansholet skytebaneanlegg og Setnesmoen SØF.

2018-prøvetakinga
2017-prøvetakinga
2016-2013

 

Region nord

I Region nord omfattar rapportane vassprøvetaking frå følgjande stader: Bardufoss sentralskytebane, Høybuktmoen SØF, Mauken Blåtind SØF, Porsangmoen-Halkavarre SØF, Råvatn skytebaneanlegg, Setermoen SØF og Sørreisa.

2018-prøvetakinga
2017-prøvetakinga
2016-2013

 

Region Austlandet

I Region Austlandet omfattar rapportane vassprøvetaking frå følgjande stader: Jørstadmoen skytebaneanlegg, Lieslia SØF, Regionfelt Østlandet, Rødsmoen SØF med flyplass og Terningmoen SØF.

2018-prøvetakinga
2017-prøvetakinga
2016-2013

 

Region vest

I Region vest omfattar rapportane vassprøvetaking frå følgjande stader: Evjemoen SØF, Firda skytebane, Geiskelid SØF, Haakonsvern skytebaneanlegg, Kjevik (skytebane), Korsnes Fort, Kråkenesmarka SØF, Madla skytebane, Mjølfjell og Brandset SØF, Remmedalen SØF, Ulven SØF og Vatne SØF.

2018-prøvetakinga
2017-prøvetakinga
2013-2016

 

Region Viken

I Region Viken omfattar rapportane vassprøvetaking frå følgjande stader: Heistadmoen SØF, Hengsvann SØF og Steinsjøen SØF.

2018-prøvetakinga
2017-prøvetakinga
2013-2016

 

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.