Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Tilgjenge

Festningane er ikkje spesielt tilrettelagde for funksjonshemma, men arbeidet med å kartleggje og å finne løysingar for å betre tilgjenget er sett i gang.

Til Fredrikstad festning – Gamlebyen kjem ein med ferje, buss eller eigen bil. Vel du det siste alternativet, bør du finne parkering på plassane rett før innkøyringa til festninga, der er det som regel ledig plass.

Gatene i festningsbyen er dekte med brustein, men dette byr ikkje på særlege problem. Då kan det vere vanskelegare å forsere alle fortauskafeane, og som regel endar det med at folk går i gatene.

Turistkontoret og Bymuseet er godt tilrettelagde for rørslehemma, og i dette området finn du òg Bastion 5, eit kunstnarsenter der det er morosame attraksjonar som er lett tilgjengelege.

Meir detaljert informasjon om tilgjenget kan du lese i den vedlagde beskrivinga

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.