Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ta omsyn

Festninga du no er på, er ei av dei 14 nasjonale festningane i Noreg, og ho er eit nasjonalt kulturminne som vi ønskjer å ta vare på for seinare generasjonar.

Derfor er det viktig at du som oppheld deg her, har respekt for bygningane og uteområda, viser varsemd når du beveger deg rundt på området, og følgjer åtferdsreglane. Slik medverkar du til at alle får ei fin oppleving når dei besøkjer festninga.

Opplevinga av å vere på ein unik stad som Fredrikstad festning kan fort bli øydelagd av forsøpling og utilsikta skadeverk. Det er derfor forbod mot bål heile året. Dette gjeld òg eingongsgrillar.

Bandtvang for hundar gjeld på festninga heile året.

Vi ber deg om å kaste alt søppel i dei oppsette søppelkassane.

Det er ikkje lov å ta med seg bygningsdelar, murverk, trevirke eller andre lause gjenstandar frå festninga.

Bruk av paintball, graffiti og liknande tilgrising er forbode.

Elles gjeld varsemdsføresegnene i friluftslova for ferdsel m.m.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.